Magne Furuholmen og Anneli Drecker til Fjord Cadenza

Magne Furuholmen er kanskje best kjent som keyboardist i a-ha, men han har også laga ein del soloplater, og er òg billetkunstnar med fleire utmerkingar både nasjonalt og internasjonalt. Foto: Nina Djaerff

– Gjennom 40 år i a-ha, har Magne Furuholmen vore med på å sette Noregs suverent største fotavtrykk i den internasjonale musikkbransjen. Å få han til Skodje er stort, seier Hallvard Braaten Steinhovden, festivalsjef i Fjord Cadenza.

– Vi er utruleg stolte over å ha fått på plass Magne Furuholmen som årets festivalkunstnar, samstundes som vi får oppleve musikken hans, seier Hallvard Braaten Steinhovden, festivalsjef i Fjord Cadenza.

Kunstutstillinga vil som vanleg vere å finne på Jentekolonien på Skodje, og vil vere open under festivalveka. Utstillinga Furuholmen tek med seg heiter «New Song», og den hentar både titlar og inspirasjon frå eigne tekstar som Furuholmen har skrive for  a-has utgiving «True North» i 2022.

31. august skal Magne Furuholmen stå på scena i Gomerhuset, saman med Anneli Drecker og Sjøforsvarets musikkorps. Dei har òg invitert med seg gjestane Martin Halla og Tini Flaat.

– Det vil vere alt frå Grieg og Piazzolla til låter frå a-ha, Magne og Annlis rike katalog. Dette blir ein alle tiders festkonsert, avsluttar Steinhovden.

Hallvard Braaten Steinhovden har vore med som festivalsjef i Fjord Cadenza sidan 2021. Foto: Piotr Cabaj

Magne Furuholmen

Magne Furuholmen er eit multitalent, og har forutan si karriere som musikar vore aktiv som billetkunstnar i ei årrekke. Han debuterte i 1989, og sidan har han haldt eit høgt tempo med verk utstilt i Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst, Neue Nationalgalerie i Berlin, Mac-Niteroi Brazil, Royal Academy i London, og Central Academy for Fine Arts i Beijing.

Som biletkunstnar arbeider Furuholmen på kryss og tvers av medium og teknikkar. Særleg har han utmerka seg som grafikar og skulptør. I 2016 var Furuholmen tildelt sitt hittil største oppdrag – Imprints, ein skulpturpark med 70 tonn keramiske skulpturar. Parken opna i Akerkvartalet på Fornebu i juni 2016.

Furuholmen tek med seg utstillinga new song til Skodje i august. Det ein ser her er new song 13, som ikkje tidlegare har vore vist fram. Verk: Magne Furuholmen

Furuholmen vart tildelt prisen for Beste grafiske arbeid ved Høstutstillingen allereie i 1996. Verka hans er kjøpt inn av Norsk kulturråd, og er representert verda over hos både offentlege og private institusjonar, som Bibliotheque National de France, og Kupferstichkabinett Staatliche Museen zu Berlin.

Han har eit æresdoktorat i kunstfag ved Universitetet i Agder, og aktive kulturelle styreverv inkluderer H.M. Dronning Sonjas internasjonale grafikk-stiftelse Queen Sonja Print Award. Han har vore styreleiar for Norske Grafikere, og i 2012 vart han tildelt St. Olavs Orden Ridder av 1. klasse.

Anneli Drecker er både songar og skodespelar, og har medverka fleire gonger saman med både a-ha og Magne Furuholmen. Ho er vokalist i electronica-gruppa Bel Canto. Foto: Threeoakz

Anneli Drecker

Anneli Drecker er ein norsk songar, låtskrivar og skodespelar frå Tromsø, mest kjent som frontfigur i bandet Bel Canto. Ho starta karriera si tidleg, og grunnla Bel Canto då ho var 16 år gammal, saman med Nils Johansen og Geir Jenssen. Bandet oppnådde suksess både her til lands og internasjonalt med si unike blanding av elektronisk musikk og trollbindande vokal.

I tillegg til arbeidet hennar med Bel Canto, har Drecker hatt ei solokarriere og samarbeida med fleire ulike artistar, mellom anna a-ha og Röyksopp. Ho har også bidratt til film- og teatermusikk, og har sjølv ei skodespelarkarriere med opptredenar i både teater og film.

I vår gjorde Bel Canto eit comeback med albumet Radiant Green, og skal spele på fleire ulike festivalar i sommar.

SFMK – Sjøforsvarets musikkorps, tidlegare kalla Forsvarets musikkorps Vestlandet, er basert i Bergen, men speler landet over.

Sjøforsvarets musikkorps

Sjøforsvarets musikkorps er eitt av fem profesjonelle musikkorps i Forsvaret. Sjøforsvarets musikkorps er eit dynamisk ensemble og løyser seremonielle oppdrag for Forsvaret og held konsertar over heile Vestlandet.

Særleg innan ny musikk har korpset utmerkt seg, mellom anna med kritikar-hylla musikkalbum, festivaldeltakingar urframføringar – og ikkje minst utnemninga som årets utøvar av Norsk Komponistforening i 2008.

Dei har vore med under Fjord Cadenza fleire gonger, og festivalen er stolte over å ha dei med enno ein gong.

Pressemelding: Fjord Cadenza

 

 

TEKST TIL BILETE




 

 





 



 

Rune Bergmann – Forutan å vere kunstnarisk leiar for Fjord Cadenza, er sykkylvingen Rune Bergmann ein merittert dirigent.

 

Forrige
Forrige

Ålesund Parkering: Årets Byverter 2024

Neste
Neste

Sparebanken Vest inviterer til Barnas Superfestival!